På Tue, 01 Nov 2005 20:56:17 +0100, skrev Eivind <[EMAIL PROTECTED]>:
Hei! Eg prøver å få til automatisk orddeling for norsk i Scribus, og har spurt på postlista deira koss det skal gå til. Dette er litt av svaret eg fekk: All we need is a Norwegian hyphenation file, which are the same as OO.org with an encoding line added. Submit the file in a bug and I will add the file and the necessary code to use it. Eg lurer på kva fil som eigentleg er orddelingsfila for norsk. For nynorsk, til dømes, er det to filer: nn_NO.dic og nn_NO.aff.
Det er stavekontrollfiler.
Spørsmål: Er nokon av desse ei orddelingsfil? Og koss vil ei teiknkodingslinje, som Scribus-utviklaren spør etter, sjå ut?
Du treng hyph_nn.dic eller hyph_nb.dic frå pakken nedanfor. (Det er eigentleg akkurat same fila. Det går fint å bruka dei same orddelingsmønstra på bokmål og nynorsk.) Den første linja i fila viser teiknkodinga, så det kan godt henda at Scribus kan bruka fila som ho er.
http://no.openoffice.org/Filer/no_NO-pack.zip Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes --------------------------------------------------------------------- To unsubscribe, e-mail: [EMAIL PROTECTED] For additional commands, e-mail: [EMAIL PROTECTED]