Re: nye brukarar: kvinnherad kommune

2005-03-03 Emne Gaute Hvoslef Kvalnes
Torsdag 3. mars 2005 16:47 skreiv Guttorm Hveem:
> Kanskje interessant for dykk?

Ja, takk skal du ha. Eg har lagt dei inn på pressesida.

Eg har lese kommentarane frå Microsoft Norge med undring. Jannik Lindbæk 
føreslår då vitterleg at Kvinnherad skal bruka 
500 kr × 220 PC-ar × 8 år = 880 000 kr. Det er jo akkurat dei pengane 
rådmannen vil spara ...

Med helsing,
 Gaute Hvoslef Kvalnes
 http://no.openoffice.org/

-
To unsubscribe, e-mail: [EMAIL PROTECTED]
For additional commands, e-mail: [EMAIL PROTECTED]



nye brukarar: kvinnherad kommune

2005-03-03 Emne Guttorm Hveem
Kanskje interessant for dykk?
mvh
Guttorm Hveem

http://www.kvinnheringen.no/artikkel.asp?id=3087
Skjønar ikkje reknestykket til rådmannen
Kvinnherad kommune har valt å droppa Office-pakken til Microsoft på 220  
arbeidsstasjonar frå 1. mars, mellom anna på grunn av dyre lisensar.  
Informasjonsdirektør Jannik Lindbæk Jr. i Microsoft Norge AS skjønar ikkje  
reknestykket til rådmannen i Kvinnherad.

I fredagsavisa kunne vi fortelja at Kvinnherad kommune droppar Microsoft  
og tar i bruk gratis programvare henta frå nettet på 220 arbeidsstasjonar.  
Programpakken Open Office skal med nokre små justeringar erstatta  
Microsoft sin Office-pakke på 220 PC-ar. Rådmann Trond Sætereng viste i  
fredagsavisa til at oppgradering av Microsoft sin Office-pakke kostar  
4.000 kroner pr. arbeidsstasjon, og at dette grepet vil gje kommunen færre  
utgifter på IT-sida.
Informasjonsdirektør Jannik Lindbæk Jr. i Microsoft Norge AS, skjønar  
ikkje reknestykket til rådmannen. I ein epost til Kvinnheringen skriv  
Lindbæk at kommunar gjerne oppgraderer programvaren kvart fjerde år.  
Dersom Kvinnherad hadde gått inn på ein volumprisavtale med Microsoft for  
220 PC-ar i dag, ville kommunen kunna få tilgang til dei siste versjonane  
av programvaren for dei neste 6-8 åra. Og det til ein pris som ligg under  
det rådmannen nemner i kommunestyret, heiter det mellom anna i eposten frå  
Lindbæk. Han viser då til at dette ville gje ein årleg pris pr. PC på  
500-700 kroner, og det er inkludert opplæring og vedlikehald.

--
Kommune vender Microsoft ryggen
Av Ann Kristin Bentzen Ernes (digi.no:  
http://php.digi.no/php/art.php?id=210080)
Oslo (03.03.2005) - Kvinnherad blir blant de første kommunene i Norge og  
Skandinavia til å kutte Microsoft Office.

Fra 1. mars går kommunen over til OpenOffice på 220 arbeidsstasjoner,  
skriver Kvinnherrad.no.

Kommunen ser for seg store besparelser. Det er nettopp kostnadsspørsmålet  
som har vært en drivende årsak for skifte av teknologi. Med oppgradering  
på Microsoft må kommunen ut med 4.000 kroner per arbeidsstasjon.

Ved å laste ned programmet OpenOffice gratis fra nettet ser kommunen for  
seg en besparelse på 880.000 kroner. Kvinnherad kommune har sagt opp  
avtalen med Microsoft, og starter opp med OpenOffice fra 1. mars. Sak- og  
arkivsystemet skal først over på den nye plattformen.

Kommunen legger ikke opp til årlige oppgraderinger av lisenser. Rundt 300  
arbeidsstasjoner er i dag er utstyrt med Microsofts «Office»-pakke. 80 av  
disse vil fortsatt ha Microsoft, mens de andre 220 stasjonene skal over på  
gratis programvare.

Skolene i Kvinnherad har forlengst gått over til gratis programvare.

--
Guttorm Hveem
Mastergradstudent i "IKT i Læring" ved Høgskulen Stord/Haugesund
tlf: 53415203
mob: 95115822
jobb: 91151566
e-post/msn: [EMAIL PROTECTED]
icq: 274369586
priv: http://guttorm.hveem.no
skule: http://stud.hsh.no/home/ko100ghv/
"Og hva er tro? Nesten det samme som håp.
Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker.
Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også.
Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss
i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller.
Du skal bare ha en liten takluke for tvil.
Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret."
Rolf Jacobsen..
-
To unsubscribe, e-mail: [EMAIL PROTECTED]
For additional commands, e-mail: [EMAIL PROTECTED]