Andreas Nesdal < [email protected]> skreiv Wed, 09 Mar 2011 19:28:56 +0100 Eg har eit framlegg til endring av retningslinjene; å bruke e-infinitiv i staden for a-infinitiv i nynorske omsetjingar.
E-infinitiv vert meir og meir utbreidd, og det er det oppslagsverk/ordbøker og dei fleste offentlege nettstader brukar. Eg har inntrykk av at a-infinitiv gjev eit litt konservativt og «tungt» preg for mange nynorskbrukarar, kanskje særleg for unge. Eg har opplevd at nye brukarar til Ubuntu heller vel bokmål enn nynorsk, på grunn av dette. Ein grunn kan vere at dei aller fleste kjem frå Windows, der det er e-infinitiv både på nynorsk og bokmål, og derfor opplevast a-infinitiven som tung og kanskje gammaldags. Mesteparten av læreverka i grunnskulen brukar òg e-infinitiv, til dømes bøkene frå Gyldendal og Cappelen.
I høve språkvasken vi skal i gang med, kunne det vore lurt å vurdere dette. Eg har lagt merke til at mange av dei noverande nynorskomsetjingane inneheld ei blanding av e-infinitiv og a-infinitiv. Hadde det ikkje då vore mogleg å gå over til e-infinitiv i nye omsetjingar, og etter kvart endre gamle omsetjingar med a-infinitiv til e-infinitiv? Eg ser føre meg at det ville ha gjort det meir attraktivt å velje nynorskomsetjinga.
Med helsing
Andreas Nesdal
Eg trur ikkje det er avgjerande for val av nynorsk om det er a- eller e-infinitiv. Krafta til nynorsk er at skriftmålet er basert på talemålet. Nokre stader er det naturleg å nytta den eine varianten, andre stader den hin. Det aller viktigaste er ikkje infinitivsforma, men at det er høg kvalitet på omsetjingane.
Alt eg set om kjem med a-mål. Det vil eg nok halda fram med ;-) -- - Yngve Spjeld Landro nynorsk er bra for deg ;-) |
_______________________________________________
Mailing list: https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no
Post to : [email protected]
Unsubscribe : https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no
More help : https://help.launchpad.net/ListHelp