Hei, alle saman Vi er no i gang med språkvasken av nynorskomsetjingane i Ubuntu[1]. Feila vi rettar på er konsekvente, og det skal ikkje mykje til for å forbetre omsetjinga til norsk. Ofte er ikkje alle klare over retningslinjene, andre feil er berre generelle fillefeil. Eg oppmodar alle til å lesa gjennom dette, sjølv kor sikre de kjenner dykk.
For både bokmål og nynorsk: - Dette er det enklaste. Verb i imperativ har ikkje noko aksentteikn. Altså skal «installér» og «redigér» vera «installer» og «rediger». Berre for nynorsk: - Enda ein enkel regel. «bli / blir / blei / blitt» er jamstelt med «verta / vert / vart / vorte» i ordboka, men vi bruker altså den siste: «å verta». - Vi skriv med a-infinitiv. «Skrive», «installere» og «kopiere» blir til «skriva», «endra» og «kopiera». Eg veit det her kjennest uvant for nokon, men blir ei vane, sjølv for inngrodde austlendingar som meg. - Verb i ast-form (passiv) kan ikkje stå utan modalt hjelpeverb. «Partisjonen formaterast for å blabla...» er feil. Her kan ein heller skrive «Partisjonen vert formatert for å blabla...». Desse verba må ikkje forvekslast med st-verb. Les gjerne om regelen på Språkrådet sine sider. - Samsvarsbøying er det siste punktet, og kanskje det mest innfløkte. Vi bruker full samsvarsbøying. «%s pakkar vart installert» skal vera «%s pakkar vart installerte», og « Språkrådet har ei side på det, ikkje den mest oversynlege, men litt rask googling gir meir hjelp. Alle feil de kjem over i omsetjingane på den første sida er det fritt fram for å rette. Finn du feilen lenger bakover er det best om du varslar oss på e-postlista her. Dette har med oppstraum/nedstraum å gjera (nærare forklaring på førespurnad). Fleire av desse feila har eg gjort sjølv, så alle er tilgjevne. Det er berre å ta det til etterretning, så kan vi konsentrere oss fullt om nye omsetjingar. Når de bruker mykje av tida dykkar på omsetjing, er det leit at det skapar hovudbry. Fortset det flotte arbeidet! Med beste helsing Ole Andreas Utstumo [1] https://lists.launchpad.net/ubuntu-l10n-no/msg00048.html
_______________________________________________ Mailing list: https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no Post to : [email protected] Unsubscribe : https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no More help : https://help.launchpad.net/ListHelp

