Hei!

Eg prøver å få til automatisk orddeling for norsk i
Scribus, og har spurt på postlista deira koss det skal
gå til. Dette er litt av svaret eg fekk:

All we need is a Norwegian hyphenation file, which are
the same as OO.org with an encoding line added. Submit
the file in a bug and I will add the file and 
the necessary code to use it.

Eg lurer på kva fil som eigentleg er orddelingsfila
for norsk. For nynorsk, til dømes, er det to filer:
nn_NO.dic og nn_NO.aff.

Spørsmål: Er nokon av desse ei orddelingsfil? Og koss
vil ei teiknkodingslinje, som Scribus-utviklaren spør
etter, sjå ut?

Om de kan hjelpe meg med dette, skal eg få til å
leggje inn fila som blir spurt etter sjølv. Om det
finst nokor fil å leggje inn. Eg sender posten til
utviklarlista fordi eg ser på dette som eit
utviklarspørsmål - orsak maset om eg tek feil.


Venleg helsing

Eivind Ødegård

---------------------------------------------------------------------
To unsubscribe, e-mail: [EMAIL PROTECTED]
For additional commands, e-mail: [EMAIL PROTECTED]

Svar til